archive-no.com » NO » M » MRFYLKE.NO

Total: 660

Choose link from "Titles, links and description words view":

Or switch to "Titles and links view".
  • Vedtak om Regional delplan for klima og energi - Miljø - Regional- og næringsutvikling - Tenesteområde - Møre og Romsdal fylkeskommune
    TV Organisasjon Tilsette Arbeidsgivar HR Innkjøp Informasjonsseksjonen Økonomi Fylkesrevisjonen Regionale planar høyringar Regionale planar høyringar UngWeb Ungweb Ungdomsmidlane Om fylkeskommunen Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkessong for Møre og Romsdal Historie Brosjyrar og film Kontakt oss Fylkestingval 2015 Møre og Romsdal fylkeskommune Tenesteområde Regional og næringsutvikling Miljø Vedtak om Regional delplan for klima og energi Næringsutvikling Samfunnsutvikling hoppid no Internasjonalt arbeid Energiregion Møre Forvaltningsoppgåver Økonomisk støtte Ofte stilte spørsmål Miljø Vassforvaltning Miljøprisen Miljøutvalet Regional energi og klimaplan Ditt ansvar Miljøsertifisering Pressebilete Kontaktpersonar Stephen Oommen Rådgivar 71 25 80 25 Mob 462 76 273 Send e post Vedtak om Regional delplan for klima og energi Reduserte klimautslepp auke i fornybar energi konkrete miljøtiltak i kommunane er blant hovudmåla Regional delplan for klima og energi 20015 2020 vart vedteke i fylkestinget 15 juni 2015 sak T 24 15 Hovudmåla i den regionale delplanen er desse Klimagassutsleppa i Møre og Romsdal skal reduserast med meir enn 10 innan 2020 i forhold til utsleppa i 2009 Summen av ny fornybar energi energieffektivisering og energiomlegging skal tilsvare minst 2 TWh elektrisitet Innan 2020 skal det vere gjennomført minst fem konkrete tiltak i kvar kommune i fylket for å betre miljøet og redusere klimagassutslepp Framlegg til delplan

    Original URL path: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/Miljoe2/Vedtak-om-Regional-delplan-for-klima-og-energi (2015-08-15)
    Open archived version from archive


  • Støttar levekårsprosjekt for utsette barn og unge i Kristiansund - Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK 2010-2014) - Samfunnsutvikling - Regional- og næringsutvikling - Tenesteområde - Møre og Romsdal fylkeskommune
    810 Send e post Støttar levekårsprosjekt for utsette barn og unge i Kristiansund Med solid støtte frå fylkeskommunen tek Kristiansund kommune grep for å få utsette barn og unge til å delta i organiserte fritidsaktivitetar Å delta i organiserte fritidsaktivitetar gir både fysiske og psykiske helsefordelar for barn Fylkespolitikarane løyvde nyleg 700 000 kr til Samhandling om folkehelse og integrering eit samarbeidsprosjekt mellom Kristiansund kommune og frivillige lag og organisasjonar Vi er veldig glade for stønaden Det gjer at vi kan arbeide for noko som er viktig for levekåra til barn og unge og faktisk få det til sa Margrete Magerøy prosjektleiar i Kristiansund kommune Ved hjelp av ein partnarskapsavtale skal kommunen i lag med dei frivillige utvikle rutinar slik at fleire barn får delta på fritidsaktivitetar Målgruppa er barn unge og familiar med levekårsutfordringar som låg inntekt ulike helseproblem og innvandrarbakgrunn Vi veit at levekårsutfordringane gjerne hopar seg opp I lag med dei frivillige skal vi utvikle konkrete tiltak seier Magerøy Prosjektet skal handsamast i bystyret etter sommarferien Deretter er planen å få på plass ein koordinator som skal skaffe oversikt over lag og foreningar utvikle informasjonsmateriell oversett til fleire språk og invitere til dialogmøte Levekårsutfordringar Prosjektet Samhandling om folkehelse og integrering er ein del av det omfattande Levekårsprosjektet i Kristiansund kommune Bakgrunnen er at Kristiansund i fleire år har hatt ei rekke utfordringar knytt til helse sosiale problem og andre behov i deler av befolkninga Eit overordna mål for kommunen er å bryte ned dei mekanismane som produserer og forsterkar helseproblem sosiale belastningar og andre utfordringar seier Magerøy Møreforsking Molde har vore engasjert for å kartlegge barn og unge og deira deltaking i fritidstilbod Dei har også sett på korleis frivillig sektor arbeider med rekruttering Eit funn er at neste tre av fire barn deltok i organisert aktivitet

    Original URL path: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/Samfunnsutvikling/Lokal-samfunnsutvikling-i-kommunane-LUK-2010-2014/Stoettar-levekaarsprosjekt-for-utsette-barn-og-unge-i-Kristiansund (2015-08-15)
    Open archived version from archive

  • Programmet til sommarens JazzGass-konferanse er klart - JazzGass-konferansen - Energiregion Møre - Regional- og næringsutvikling - Tenesteområde - Møre og Romsdal fylkeskommune
    høyringar Regionale planar høyringar UngWeb Ungweb Ungdomsmidlane Om fylkeskommunen Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkessong for Møre og Romsdal Historie Brosjyrar og film Kontakt oss Fylkestingval 2015 Møre og Romsdal fylkeskommune Tenesteområde Regional og næringsutvikling Energiregion Møre JazzGass konferansen Programmet til sommarens JazzGass konferanse er klart Næringsutvikling Samfunnsutvikling hoppid no Internasjonalt arbeid Energiregion Møre Kraftforsyning Fornybar energi Petroleum JazzGass konferansen Forvaltningsoppgåver Økonomisk støtte Ofte stilte spørsmål Miljø Pressebilete Kontaktpersonar Bengt Endreseth Leiar Energiregion Møre Mob 958 78 883 Send e post Lina Jonasson Rådgivar Mob 934 57 221 Send e post Programmet til sommarens JazzGass konferanse er klart Interessert i olje og gassmarknaden Treng du påfyll om teknologiutviklinga i Norskehavet Då er JazzGass konferansen tysdag 14 juli ein viktig møteplass for deg Vi har gleda av å presentere programmet til årets JazzGass konferanse Les programmet og meld deg på her Blant anna finn vi oljedirektør Bente Nyland professor ved Universitetet i Stavanger Klaus Mohn og adm dir i Shell Tor Arnesen på lista over innleiarar I tillegg kjem forfattar og fabulerande realist Kjartan Fløgstad for å snakke om korleis oljerikdommen har påverka oss Du finn også programmet i pdf format Program JazzGass 2015 Digital 78 18 kB Stoltheit og kunnskap er

    Original URL path: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/Energiregion-Moere/JazzGass-konferansen/Programmet-til-sommarens-JazzGass-konferanse-er-klart (2015-08-15)
    Open archived version from archive

  • Nyheiter - Møre og Romsdal fylkeskommune
    15 april Det tre dagar lange fylkestinget er no i gong og vert halde på Quality Hotel Ulsteinvik Tinget starta med eit kulturelt innslag av Svein Sæter og fortsette med med utdeling av fylkesprisen Årets bedrift 2014 som vart tildelt Ulmatec Pyro AS frå Haram Endret 14 04 2015 Les meir Stor interesse for barn og unge si psykiske helse 15 og 16 april skal 300 personar frå heile fylket lære om korleis vi kan gje barn og unge god psykisk helse Det har aldri vore arrangert ein så stor samarbeidskonferanse i vårt fylke med dette temaet tidlegare seier Svein Neerland frå Møre og Romsdal fylkeskommune Endret 13 04 2015 Les meir Utviklingstrekk i Møre og Romsdal Utviklingstrekk i Møre og Romsdal er laga for å ha oppdatert tilrettelagt og lett tilgjengeleg informasjon om utviklingstrekk på utvalde samfunnsområde i Møre og Romsdal Endret 10 04 2015 Les meir Reiseliv Kva er ein god opplevelse Børge Ousland går over Nordpolen Linda Eide inviterer til julekonsert i den vesle taxibua på Voss Kva er gode opplevingar og for kven Dette var den raude tråden i Reiselivskonferansen 2015 Endret 10 04 2015 Les meir Årets Reiselivspris går til Bente Saxon Bente Saxon fra Ålesund er vinnar av Årets Reiselivspris Saxon har bidratt til å skape gode resultat for mange aktørar Ho har synleggjort Møre og Romsdal som reisemål i både inn og utland og ho er nettverksbyggar på tvers av geografi bransjar og segment heiter det i grunngjevinga Publ 09 04 2015 Les meir Gründerjakta i gang i kommunane hoppid no skal mobilisere fleire gode gründerar i Møre og Romsdal i 2015 2016 og lyser ut tilskot No kan gründerhjelparar søke om støtte til å organisere nettverk fagseminar og andre tiltak som stimulerer til bedriftsetablering Endret 21 04 2015 Les meir Søk støtte

    Original URL path: http://mrfylke.no/Nyheiter/%28offset%29/90 (2015-08-15)
    Open archived version from archive

  • Korleis betre folkehelsa? - Kronikkar - Publikasjonar og presentasjonar - Informasjonsseksjonen - Organisasjon - Møre og Romsdal fylkeskommune
    Folkehelsa i Møre og Romsdal ei oversikt Mange kommunar har gjort eller er i ferd med å gjere det same for sin kommune Folkehelsa i Møre og Romsdal er generelt god Forventa levealder ved fødsel aukar for begge kjønn men tala for kommunane viser variasjon i levealder for både menn og kvinner på heile fem år Ser vi på forventa levealder i fylket etter fullført utdanningsnivå viser den ein levealder på 80 1 år for dei med grunnskole som høgste utdanningsnivå og på 83 8 år for dei med vidaregåande eller høgare som høgste utdanningsnivå For landet er desse forskjellane større så det er gledeleg at skilnadene i levealder ikkje er så store i vårt fylke Helse i alt vi gjer Helse vert skapt på mange arenaer i livet Døme på faktorar som påverkar helsa er utdanningsnivå og inntekt arbeidsmiljø fysiske omgjevnader relasjonar til andre i lokalsamfunnet offentlege tenester og helsevanar Ei forståing om at alt vi gjer har betyding for helsa kan illustrerast på denne måten Denne modellen av Camilla Ihlebæk syner at biletet er komplekst men og at det fins mange arenaer kor vi kan sette inn smarte helsefremmande og førebyggande tiltak I dette biletet finn vi også det personlege ansvaret Utfordringar og moglegheiter Det er ute i lokalsamfunna og kvardagsregionane at folk lever liva sine La oss sjå litt på nokre folkehelseutfordringar og moglegheiter for å legge betre til rette for helsevennlege val å gi alle like moglegheiter å styrke den psykiske helsa Helsevennlege val Mange av innbyggarane i fylket har lågt fysisk aktivitetsnivå og det er særleg kvardagsaktiviteten knytt til daglege rutinar som har gått ned Godt turterreng i nærområdet trivelige tettstader og fleire samanhengande gang og sykkelvegar har stor betyding for innbyggarane sin fysiske aktivitet og trivsel I praksis involverer det heile den kommunale planlegginga

    Original URL path: http://mrfylke.no/Organisasjon/Informasjonsseksjonen/Publikasjonar-og-presentasjonar/Kronikkar/Korleis-betre-folkehelsa (2015-08-15)
    Open archived version from archive

  • I underkant av fem millionar til dei tre byane - Byen som regional motor - Samfunnsutvikling - Regional- og næringsutvikling - Tenesteområde - Møre og Romsdal fylkeskommune
    tre byane Næringsutvikling Samfunnsutvikling Byen som regional motor Tettstadprogrammet Omstillingskommunar Breiband Lokal samfunnsutvikling i kommunane LUK 2010 2014 hoppid no Internasjonalt arbeid Energiregion Møre Forvaltningsoppgåver Økonomisk støtte Ofte stilte spørsmål Miljø Pressebilete Kontaktpersonar Kjersti Hasselø Rådgivar 71 25 81 78 Mob 911 98 760 Send e post I underkant av fem millionar til dei tre byane Tilskota skal gå til byutvikling og konkrete tiltak i Molde Kristiansund og Ålesund i Byen som regional motor Molde idrettspark er eit av tiltaka som kan få tilskot Bergljot Landstad regional og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune tilrår støtte til byutvikling på 4 75 mill kroner til Molde Kristiansund og Ålesund Saka vert handsama i utval for regional og næring den 2 juni Tilskotet er eit ledd i satsinga Byen som regional motor Møre og Romsdal fylkeskommune sitt prosjekt for byutvikling i Molde Ålesund og Kristiansund Utvikle attraktive byar Tidlegare i vår lyste Møre og Romsdal fylkeskommune ut 9 000 000 kroner til gjennomføring av tiltak i byane i 2015 Alle dei tre byane har søkt Molde har mellom anna søkt om støtte til utvikling av Sjøfronten og Molde idrettspark Ålesund har mellom anna søkt støtte til utarbeiding av gatebruksplan til utvikling av Kulturhamna og å knyte Voldsdalsvågen saman med Meierikaia Kristiansund har søkt om støtte til mellom anna desse prosjekta utvikling av Carolines plass Rådhusplassen og rutebilstasjonen Devoldholmen Til dei fleste tiltaka er det no søkt om tilskot til prosessarbeid kompetanseheving utgreiingar og forstudiar Det vil bli ei ny utlysing til byutvikling i slutten av 2015 Les saka og komplett liste over tiltak det er søkt støtte til Styrke regionen Byutviklingsprosjektet Byen som regional motor strekk seg over fem år Ved å styrke dei tre byane som regionale motorar er argumentet at Møre og Romsdal som region også vil bli meir attraktiv

    Original URL path: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/Samfunnsutvikling/Byen-som-regional-motor/I-underkant-av-fem-millionar-til-dei-tre-byane (2015-08-15)
    Open archived version from archive

  • Fylkeskommunen finansierer fellesressurs for internasjonal forsking - Forsking og utvikling - Næringsutvikling - Regional- og næringsutvikling - Tenesteområde - Møre og Romsdal fylkeskommune
    80 22 Mob 924 42 568 Send e post Fylkeskommunen finansierer fellesressurs for internasjonal forsking Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 3 6 mill kroner til ein fellesressurs som skal bidra til at bedrifter og forskingsmiljø i Møre og Romsdal skal vinne fram med større og meir internasjonale forskingsprosjekt Det er Møreforsking som i desse dagar lyser ut stillinga EU prosjektadministrator Horisont 2020 Regional og næringssjef Bergljot Landstad I næringslivet er innovasjon nøkkelen for omstilling til nye marknader produkt tenester og forretningsmodellar Forsking er avgjerande for innovasjonskraft i å finne nye moglegheiter og skape nye arbeidsplassar For eit internasjonalt næringsliv slik vi har i Møre og Romsdal er det viktig å samarbeide med praksisnære forskingsmiljø som er i internasjonalt sterke faglege nettverk Fylkeskommunen ønskjer å styrke næringslivet si framtidige konkurranseevne ved å utvikle dei forskingsmiljøa som samarbeider med næringslivet til å bli endå meir relevante og meir internasjonale seier regional og næringssjef Bergljot Landstad Horisont 2020 verdas største forskingsprogram Dei utfordringane som mykje av nærings og arbeidslivet i regionen står overfor handlar om dei gobale utfordringane som er adressert i EU sitt store forskingsprogram Horisont 2020 t d marin og maritim forsking bioøkonomi matsikkerhet rein og effektiv energi grøne og integrerte transportløysingar inkluderande og innovative samfunn Horisont 2020 er verdas største forskingsprogram og har ei ramme på 77 mrd euro i perioden 2014 2020 Norge betaler ein høg kontingent inn til programmet og det er eit nasjonalt mål å auke norsk deltaking Universiteta har etablert eigne støttefunksjoner for dette noko høgskolane og dei regionale forskingsinstitutta ikkje har økonomisk rom for Fylkeskommunen har difor løyvd 3 6 mill kroner til ein fellesressurs som skal bidra til å auke deltakinga i Horisont 2020 prosjekt Arbeidet vil omfatte ulike fagområde internasjonalt samarbeid på tvers av regionar og EU land Rådgivaren skal også bidra til

    Original URL path: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/Naeringsutvikling/Forsking-og-utvikling/Fylkeskommunen-finansierer-fellesressurs-for-internasjonal-forsking (2015-08-15)
    Open archived version from archive

  • Forsking viktig for næringslivet i Møre og Romsdal - Forsking og utvikling - Næringsutvikling - Regional- og næringsutvikling - Tenesteområde - Møre og Romsdal fylkeskommune
    25 80 22 Mob 924 42 568 Send e post Forsking viktig for næringslivet i Møre og Romsdal Sidan oppstart har Regionalt forskingsfond delt ut 144 2 millionar til dei midt norske fylka Av desse fekk Møre og Romsdal 41 prosent Bergljot Landstad regional og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune rosar næringslivet i fylket for fokus på innovasjon og utvikling Sidan 2010 har Regionalt forskingsfond Midt Norge delt ut 144 2 mill kroner til prosjekt i Møre og Romsdal Nord Trøndelag og Sør Trøndelag Møre og Romsdal har trekt det lengste strået og fått 59 mill kroner fordelt på 68 forskingsprosjekt Totalt har 41 prosent av tildelingane gått til Møre og Romsdal kjem det fram i årsrapporten for 2014 som vert lagt fram for fylkespolitikarane 2 juni Gode prosjekt Næringslivet har levert svært gode prosjektsøknader Det er svært aktivt og oppteke av innovasjon og utvikling noko også desse tala syner No er dette fokuset viktigare enn nokon gong seier Bergljot Landstad regional og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Midlane har utløyst forskingsprosjekt for minst det dobbelte sidan fondet støttar maksimalt 50 prosent av dei totale kostnadene Fondet er eit regionalt tilpassa virkemiddel og er viktig for næringslivet vårt Vi jobbar for å utvikle regionen og styrke konkurransekrafta vår Kunnskap og innovative løysingar er nøkkelen Målet vårt er å auke forskingsbasert innovasjon både i næringsliv og offentlege verksemder seier Landstad Mest til marin og mat Marine næringar tronar lista over prosjekt som fekk støtte deretter kjem mat frå hav og landbruk maritime næringar offentleg sektor og fornybar energi og miljøteknologi 37 av dei som fekk støtte kom frå høgskolane forskingsmiljøa og institutta medan 29 kom frå næringslivet Gevinsten for næringslivet er likevel større enn dei 29 prosjekta sidan prosjekta i forskingsmiljøa har eit tett og formelt samarbeid med næringslivet

    Original URL path: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/Naeringsutvikling/Forsking-og-utvikling/Forsking-viktig-for-naeringslivet-i-Moere-og-Romsdal (2015-08-15)
    Open archived version from archive